Lerum brygge

Sol og sjøbris
I samarbeid med Lerum Brygge planlegg Veidekke å byggje om lag 135 leilegheiter fordelt over 4 blokker på bryggekanten i Sogndal. Her vil det bli leilegheiter i ulike storleikar som vil dekke dei fleste sine behov. Det leggjast opp til at alle leilegheitene skal ha gode balkongar, nokre vil få store tak terrassar. Bustadane vil ligge like inntil den populære «Fjordstien» som går langs heile strandlinja i Sogndals fjøra. Når kommunen har bygd gang brua over Sogndalselva vil det her vere gang- og sykkelveg like frå Loftesnes til badevika ved «Sjøkanten». Det er særs kort veg til sentrumsområdet Sogndalsfjøra og dei aktivitetane og moglegheitene som ligg der. I prosjektet skal det også byggjast gode uteareal der ein kan nyta «freden» åleine eller ein kan ha fellesskap med naboane. Vi har ein målsetting om at bustadprosjektet Lerum Brygge skal skape god aktivitet og trivnad ved bryggekanten på Lerums kaien – prosjektet skal vere ein god nabolagsbyggjar! Lerum Brygge skal bli eit godt bustadprosjekt å leva og bu i!

Fantastisk utsikt

Prosjektet er under planlegging, og vi vonar å kunne leggje det ut for sal i 2019. Leilegheitene får ei flott og open plassering i sentrum, nær alle servicefunksjonar. Bileta er kun illustrasjonar.

Bilder

Historier


Velg bolig

Det er foreløpig ikke publisert en boligvelger for dette prosjektet.

Flere prosjekter